Masteroppgave om bruk av veilledningsteknologi i praksis for lærerutdanningen

By redaksjonen

Masteroppgåva Rettleiingsteknologi – artefakt for struktur og samhandling i lærarutdanningspraksis handlar om korleis praksislærarar opplever å ta i bruk rettleiingsteknologi i arbeidet med rettleiing av Grunnskulelærarstudentar 5.10, 2.klasse i deira ungdomsskulepraksis. Totalt var 26 studentar og 19 praksislærarar involvert.

Kjell Magnar Helleland (bildet til venstre) ved Høgskulen på Vestlandet intervjua 6 praksislærarar frå 4 ulike skular etter at dei nytta MOSO plattforma ein praksisperiode. Arbeidet har hatt sosiokulturelt teorigrunnlag, med element frå organisasjonsteori og innanfor fenomenologisk-hermeneutisk metode. Metodevalet har vore semistrukturert intervju, deltakande observasjon, samt innføring i bruk av MOSO. Dei fire skulane sin digitale infrastruktur var godt eigna til å bruke rettleiingsteknologi, samtidig som MOSO ikkje blei stoppa av systemmessige restriksjonar.

Link til masteroppgaven